Hardanger ute i verda – og verda til Hardanger
Presentasjon og dokumentasjon av kunst og skrivne artiklar som er resultat av gjestekunstnarar sine opphald i Kunstnarhuset Messen i Ålvik.
Kunstnarhuset Messen ynskjer her å kunne syne og å gjere kjent noko av den flotte kunsten og publikasjonar som er resultat av at gjestekunstnarar har hatt opphald hjå oss. Me har hatt så mange flotte kunstnarar, og så mykje god kunst har vorte laga, men alt for få har kunna fått kjennskap til dette. På denne måten ynskjer me å gjere dette meir kjent og å synleggjere den viktige kulturutviklinga det inneber å kunna inviterer gjestekunstnarar til å kome for å vere her i ein periode.
Gjestekunstnarprogrammet i Kunstnarhuset Messen vidarefører ein lang tradisjon i Hardanger. Kunstnarar gjennom mange tider har kome her for å finne inspirasjon i fjordlandskapet her, der nasjonalromantikarane representerer den perioden som er mest kjend.
Sidan Kunstnarhuset Messen opna i 2008 har mange kunstnarar frå heile verda søkt seg hit for å oppleve og finne inspirasjon i regionen vår. Nokon let seg inspirere direkte av naturen og folkelivet her, slik at ein kan kjenne det igjen i arbeida deira, andre brukar inspirasjonen meir indirekte inn i sine kunstverk.
Gjestekunstnarane har på mange vis synt resultata av sine gjestekunstnaropphald. Mange har presentert seg i huset medan dei har vore her, men for det meste vil resultat av det dei har arbeidd med kome etter dei har vendt attende til sine heimland. Ein del av kunstnarane har skreve og fått publisert artiklar om si tid i Ålvik, om Messen og om Hardanger regionen.
For kunstnarane i regionen, for folket her og for gjestekunstnarane har det vore mange og inspirerande treff.. Mykje god kontakt er skapt på tvers av landegrenser og språk, og bygging av eit internasjonalt netteverk er etablert.
Linken til dokumentasjon er: doc.khmessen.no eller klikk på bildet ovenfor